Tyrkia glir stadig lenger unna USA og NATO. I krigen mot IS leverer USA tunge våpen til ein milits som Tyrkia ser på som ein direkte trussel. Trump-møtet til Erdoğan tydar derimot på at forholdet ikkje er øydelagt. Erdoğan fekk det han forventa frå møtet, sjølv om ikkje alt gjekk som han kanskje hadde håpa. Det viktigaste var nok å bli mottatt med eit smil, ein månad etter folkeavstemminga om grunnlova. Mottakelsen var ei legitimering av resultatet, og den nye statsforfatninga i Tyrkia. Han fekk ikkje til noko merkbart når det gjaldt verken utlevering av Fethullah Gülen, eller væpninga av YPG-militsen. […]
Den kurdiske militsen får tunge, amerikanske våpen for å bekjempe IS – men Tyrkia frykter fortsettelsen
