KOMMENTAR: Det grufulle angrepet mot Orlando-nattklubben Pulse etterlater oss med svært mange spørsmål. Men i alt for stor grad går me vidare før dei vert besvart.
49 menneske vart drepne, og fleire enn 50 menneske vart skada i det som er den mest omfattande masseskytinga i nyare amerikansk historie. Homobarar som Pulse skulle vere fristadar for LGBT-befolkninga, men sjølv der står dei i fare for hatefulle menneske.
Dette skjer etter ein vår der myndigheitene i fleire statar har hamra laus på rettigheitene til transpersonar, som ein ny front i kampen mot dei som lever andre liv enn det dei trangsynte, konservative politikarane aksepterer. Det er mykje som kan seiast om dette, om kor mykje verre det kan bli for muslimske homofile no, og om konsekvensane dette angrepet får for den allereie hatefulle tonen som dominerer i presidentkampanjen til Donald Trump. Det skal eg la ligge. Koplinga til IS, og korleis me lar viktige debattar fare forbi, fortjener djupare utgreiing.
Var det IS?
Dei som står klar til å kapitalisere på terrorangrep fekk det dei ville ha, nemlig ein terrorist med muslimsk-klingande namn. Så kom IS-koplinga. Det var ikkje berre Donald Trump som var sjølvtilfreds når det var klart. Men kan me vere så sikker på at IS står bak? Kvifor insisterar me på å bruke terrororganisasjonen som ein kredibel kjelde?
«Breaking News» er vanskeleg, og det er ekstremt mykje informasjon som svirrar rundt. I sirkel. Og det var akkurat det som skjedde i ...



