• To «kupp» på ei veke i Tyrkia 
  • Statsministerens avgang er eit tegn på svakhet for Erdoğan
  • Parlamentet eit steg nærare å forby opposisjonsparti
  • Faren for fullskala borgerkrig aukar
  • Erdoğans svigerson kan bli ny statsminister

 

Tyrkia får snart ein ny statsminister, det vert mest sannsynleg nyval, ei ny grunnlov er på trappene og det vert opna for etterforsking mot parlamentarikarar i det pro-kurdiske partiet HDP. Det siste er mest alvorleg, og er kanskje den viktigaste politiske saka som kjem ut av Tyrkia i år. Det seier ikkje reint lite. Den vart omtalt på grunn av denne slåsskampen i parlamentet:

 

 

Bakgrunnen, som nesten forsvant i mediedekninga, er eit storstilt oppgjer med HDP – og konsekvensane kan bli enorme.

 

Immuniteten for fall

Det tyrkiske parlamentet er på god veg til å fjerne immuniteten til ei rekkje parlamentarikarar, slik at dei kan straffeforfølgjast på blant anna terrorskuldingar. Rett nok er det fleire representantar frå sentrum-venstrepartiet CHP som risikerer straffeforfølging enn det er frå HDP, men skuldingane mot HDP-representantane er langt meir alvorlege. I verste fall kan det føre til ei de facto stenging av venstrepartiet HDP, som regjeringa anklagar for å samarbeide med terrorgruppa PKK.

Det kan gjere vondt verre i den pågåande konflikta, som berre blir meir og meir alvorleg.

Sidan i fjor sommar har valden mellom tyrkiske myndigheiter og PKK blussa opp igjen, etter fleire års våpenkvile og fredssamtalar. PKK-relaterte grupperingar eskalerte konflikta i haust då det vart erklært sjølvstende i ei rekkje byområde – inkludert to områder i Istanbul. Den tyrkiske responsen på dette var storstilte militæroperasjonar mot desse byområda, og mange sivile har blitt drept eller sendt på flukt. Byar som Cizre, Diyarbakır og Silopi har blitt råka av langvarige beleiringar frå det tyrkiske militæret.

I tillegg har Istanbul og Ankara blitt råka av fleire PKK-relaterte terrorangrep. I førre veke vart òg storbyen Bursa råka av terroren deira, og ei vegbombe knytt til PKK gjekk av i Manisa-regionen heilt vest i Tyrkia.
 

Situasjonen er langt frå begrensa til dei sør-austlege delane av Tyrkia. PKK er den største trusselen mot Tyrkia sin territorielle integritet, og sånn sett er det forståeleg at dei svarar med makt.

 

Valdeleg i komiteen

Måndag stemte ein einstemmig grunnlovskomité for å gjere ei midlertidig endring i grunnlova, for å fjerne immunitetar. HDP trakk seg frå komitéarbeidet før avstemminga, etter nok ein slåsskamp i møterommet. Den var den tredje på kort tid i parlamentet. Det er ikkje kvardagskost at regjeringspartiet AKP og dei to opposisjonspartia CHP og MHP står saman. Dette signaliserer avstanden mellom dei tre (meir eller mindre) tyrkisk-nasjonalistiske partia i nasjonalforsamlinga, men òg at oppgjeret med HDP er breiare enn berre president Erdoğan eller AKP.

Ei slik sak er ikkje utan historisk presedens i Tyrkia. Mellom 1961 og 1998 har 29 parlamentarikarar blitt fråtatt si immunitet. 1.151 parlamentarikarar har blitt forsøkt fråtatt immunitet. I kvar fireårsperiode sidan 1961 og fram til 1998 har det vore ei jamn tilstrøyming av slike krav. Dette er nok ei sak som viser at Tyrkia utviklar seg i feil retning, framover mot fortida.

Håpet no er at opposisjonspartia CHP og MHP ikkje står like samla når forslaget skal opp til votering i parlamentet. Det håpet er nok rimeleg tynt. Det er vanskeleg å utelukke at nokre HDP-representantar har god kontakt med, eller samarbeider med PKK, men konsekvensane av straffeprosessen kan bli voldsom.

 

Terroren vinn terreng

Viss mange HDP-representantar blir fengsla vil PKK meine at dei har fått rett i den største konflikta mellom partiet og terrorgruppa. Der HDP kjempar for kurdiske minoritetsrettar gjennom parlamentet, har PKK tatt til våpen. Dei plantar bomber og sprenger politi, militære og sivile i lufta. Då HDP – mot alle odds – kom inn i parlamentet i fjor, var det eit bevis på at det parlamentariske sporet kunne fungere. Motkreftene vil kunne seie at det motsatte er tilfellet no.

Fram til i fjor var det HDP som hadde suksess, med PKK trygt plassert i skyggen. I løpet av det siste året har HDP blitt stadig meir pressa, både av tyrkiske myndigheiter og valden til PKK. Eit marginalisert HDP og eit PKK på offensiven vil i seg sjølv føre til ei eskalering av den militære konflikta, og det er vanskeleg å utelukke at det utviklar seg til ein fullskala borgarkrig.

Det er anslått at om lag 40.000 menneske har blitt drepne i krigføringa mellom Tyrkia og PKK sidan 1978. Sist gong det var ei liknande situasjon som no var på 90-talet.

 

Næring til voldsspiralen

I 2015 vart det arrangert to parlamentsval. Då AKP ikkje fekk fornya sitt reine fleirtal i juni-valet – på grunn av HDP si høge oppslutning – vart det lyst ut nyval i november. AKP vant tilbake det reine fleirtalet, men HDP holdt stand.

Viss færre hadde stemt på HDP, kunne AKP fått eit stort nok fleirtal til å endre grunnlova. Dagens grunnlov stammar frå militærkuppet i 1980 og innebar ei rekkje innstrammingar av politiske rettigheiter. Det er med andre ord behov for å endre grunnlova, men AKP vil styrke presidentembetet. Det har historisk sett vore eit symbolsk embete, og ikkje ei partipolitisk eller utøvande myndigheit.

Utfallet av denne immunitetssaka kan få svært vidtrekkande konsekvensar, og kan setje kampen for kurdiske minoritetsrettar langt tilbake. Då er fokuset på slåsskampar litt trist. Vedtaket vil styrke PKK sin strategi med valdsbruk på bekostning av HDP sitt forsøk på parlamentarisk endring. Kanskje ein klarer å fengsle nokre politikarar som har tilknytningar til terrorgrupperinga, men til ein vanvittig høg pris. Valdsspiralen vil skyte ytterlegare fart.

 

Erdogans andre kupp

Ei svekking av HDP i parlamentet kan gi regjeringa ei opning for å nok ein gong utlyse nyval, som kan opne opp for ei storstilt formell maktoverføring til president Erdoğan. Med så mykje på spel er det rart at to opposisjonsparti stiller seg bak regjeringa i HDP-saka. Overføringa vil berre vere formell, sidan presidenten har tatt seg til rette, og bruker utøvande makt som han eigentleg ikkje har tilgang til.

Det er der det andre kuppet kjem inn.

 

Erdoğan sammen med statsminister Ahmet Davutoğlu (t.h.) (Foto: CC/Gov.gr)
Erdoğan sammen med statsminister Ahmet Davutoğlu (t.h.) i møte med greske myndigheter. (Foto: CC/Gov.gr)

 

Ahmet Davutoğlu vart innsatt som statsminister hausten 2014, då Recep Tayyip Erdoğan vart valgt som president. Davutoğlu skulle vere ein lojal statsminister som tillot Erdoğan å styre frå presidentstolen. Det har han òg gjort, men ikkje heilt utan konflikt. Davutoğlu vaks i rolla og det var spesielt hans gode relasjonar til EU, etter tida hans som utanriksminister, som tillot det. Flyktningavtalen mellom EU og Tyrkia er meir Davutoğlu enn Erdoğan. Han har òg uttalt seg kritisk mot angrepa på pressa og vore meir moderat i det kurdiske spørsmålet enn det presidenten har vore.

Nesten kvar einaste kommentator har slått fast at sparkinga av Davutoğlu styrkar Erdoğan. Det er ikkje gitt. Det som har skjedd er at Erdoğan sin håndplukka etterfølgjar, han som skulle sikre eit presidentstyre, måtte gå etter mindre enn to år, fordi Erdoğan såg på han som ein trussel. Det er ikkje eit teikn på styrke, men på svakheit. Grepet vil ikkje gi presidenten meir makt med det første heller. For det første har han meir makt enn grunnlova gir presidenten allereie, og for det andre må dei formelle prosessane uansett ut på ei folkerøysting.

 

Kan velge svigersonen

Erdoğan meiner at han har gode, legitime grunnar til å utøve meir makt som president enn det som har vore vanleg. Og enn det som er lovleg. Han er den første folkevalgte presidenten i republikken si historie, noko som kan vere med på å støtte hans påstand. Måten det skjer på er likevel utan respekt for etablerte institusjonar, og bidrar til å destabilisere det tyrkiske demokratiet.

Denne politiske krisa viser kor tynt grunnlag Erdoğan regjerer på, til tross for enorm oppslutning i folket. Den tyrkiske politiske kvardagen er fullstendig dominert av renkespel og konspirasjonsteoriar, og Erdoğan er personifiseringa av dette. Han har bygd makta si i regjeringspartiet AKP på stadig skiftande alliansar, der dei som er på innsida fort kan bli kasta ut, og der den politiske strategien endrar seg like fort.

22. mai arrangerer AKP landsmøte. Då skal dei velje den nye partileiaren som etter all sannsynlegheit òg blir ny statsminister. Det er ein stor sjanse for at den utvalgte er Berat Albayak. Han er energiminister i dag, men viktigst, Erdoğan sin svigerson. Det blir neppe meir lojalt enn det.

 

Høgt spel

Desse to hendingane, der ein går etter HDP-representantar og pressar på for nyval med ein ny statsministerkandidat, er høgrisikosport. Det er ingen grunn til å berre ta for gitt at dette vil gå i AKP og Erdoğan si retning. Målet er ei så stor majoritet i parlamentet at AKP kan endre grunnlova åleine. Det skal holde svært hardt.

Strategien er tydelegvis den same som i fjor. Viss ein klarer å svekke pro-kurdiske HDP tilstrekkeleg, så klarer ein òg å vinne makt. Problemet er berre at eit nyval kan setje all deira makt i spel. Opposisjonspartiet MHP skal òg ha ekstraordinært landsmøte denne våren, og det høgrenasjonalistiske partiet kan ende opp med ei ny leiing, som kan utfordre AKP.

Då tyrkarane gjekk til valurnene i fjor, vant AKP på sitt bodskap om stabilitet. Det var berre dei som kunne betre tilstanden i landet.

Viss det er riktig, så seier det svært mykje om kor dårleg det står til i opposisjonen.

 

// Morten Myksvoll analyserer Tyrkia og Midtøsten for Filter Nyheter som frittstående skribent. Han er i det daglige leder for interesseorganisasjonen Forum Nye Bergensbanen, men pleier en utstrakt interesse for utenrikspolitikk generelt og tyrkiske forhold spesielt. Myksvoll er medlem av Høyre, etter å ha vært Frp-politiker i Bergen fram til 2015, da han meldte seg ut av partiet i protest.