Kommentar

Aldersgrense for sosiale media: «Noko må gjerast, så me gjer noko. Men kva om me gjer noko dumt?»

Øyvind Strømmen
Aldersgrense for sosiale media: «Noko må gjerast, så me gjer noko. Men kva om me gjer noko dumt?»
  • Øyvind Strømmen er journalist og forfatter, med ekstremisme som spesialfelt.

Regjeringa vil leggja fram lovframlegg om ny aldersgrense for sosiale media, med tilgang fyrst ved fylte 16 år. Det er det mange som er for, også i mitt eige parti, Miljøpartiet Dei Grøne. 

Eg kjenner mange som meiner at dette er på overtid. Det er eit standpunkt det ikkje er vanskeleg å forstå: det er haugevis med problem knytt til sosiale media. Det er ikkje lurt å overlata sitt eige mediekonsum til algoritmar designa for å halda på deg lengst mogleg. Det er endå mindre lurt å overlata born sitt mediekonsum til slike. Nettkulturen har sjølv hosta opp namnet brain rot, hjerneråte, som ei skildring på til dømes å sjå video etter video etter video på TikTok.

Likevel er eg skeptisk. For meg ber forbodet litt for mykje preg av at me innser at noko må gjerast, men at me ikkje heilt veit kva. For ofte vert også sunn skepsis og fornuftig kritikk av sosiale media blanda saman med moralsk panikk, ein panikk drive fram av historier om det verste ein finn på nett. 

Det verste på internett er ille. Ekstremisme av ulike former. Drapsvideoar. Seksualisert vald. Ein giftig incelkultur eg er glad eg aldri kom over då eg var ein tidvis einsam ung mann. Rasisme. Kvinnehat. Mørk nihilisme. Konspirasjonskultur av verste skuff. Kort sagt: alt som finst i røyndomen, finst også på nett. Alt det amoralske. Alt det umoralske. Alt det beint fram forkastelege. 

Til liks med hjerneråta skremmer det oss. Me som er kritiske til både sosiale media sine djupt usosiale sider, og til industrien bak, har likevel eit ansvar: me må vera på vakt mot den moralske panikken. Den kan nemleg gjera at me vert så opptekne av å gjera noko, at me ikkje tenkjer særleg nøye gjennom kva me gjer. Viktige innvendingar druknar i møtet med «Tenk på ungane». 

«Tenk deg den unge jenta som veks opp i ein familie prega av streng og reaksjonær religion, og som har sosiale media som eitt av få pusterom.»

Sjølv har eg fleire innvendingar mot aldersgrenseordninga slik ho så langt har vore skissert. Den fyrste handlar om teknologi. Ei slik aldersgrense vil, som dagens 13-årsgrense, i utgangspunktet vera lett å omgå. Dersom ein skal gjera det vanskelegare, må ein ta i bruk metodar som fort råkar personvernet. Barn har også rett til personvern, sjølvsagt, men det er ikkje berre dei som vil bli råka: med krav til identitetskontroll må også andre identifisera seg. Det ligg faktisk eit innebygd motsetnadstilhøve mellom identitetskontroll og personvern.

Eit krav om identitetskontroll – lat oss tenkja oss at det skal skje med bank-ID – opnar også lett døra for negativ sosial kontroll. Tenk deg den unge jenta som veks opp i ein familie prega av streng og reaksjonær religion, og som har sosiale media som eitt av få pusterom. Kva om familien hindrar henne i å få seg bank-ID, også etter fylte 16? Tenk deg guten som er skeiv, men som har foreldre som ikkje toler det. 

Anonyme digitale fellesskap har i blant vore viktige verktøy for ekstremistar, det er sant. Men dei har også vore viktige for mange sårbare og marginaliserte grupper.

Krav om identitetskontroll kan dessutan råka også på andre måtar. Som skribenten Oda Rygh har peikt på i eit innlegg i Dagsavisen, kan det til dømes gå utover born i samlivsbrot med stort konfliktnivå, og det kan råka menneske med funksjonsvariasjon. 

Eg skal vedgå at eg ofte sit att med ei kjensle av at mykje av dette simpelthen vert oversett, neglisjert og beint ut ignorert i debatten om sosiale media, og om aldersgrenser for desse. Det gjer meg uroleg. Eg er for å regulera sosiale media sterkare, men fryktar for at ein landar på ei løysing som gjev skadeverknader for ytringfridom, personvern og for sårbare grupper. Kor mange born skal me kasta ut av Facebook (der ungdomen ikkje i særleg grad er å finna) og TikTok sitt grumsete badevatn? Og kva for born er det?

VG fortel elles at statsråd Karianne Tung vil overlata til techselskapa korleis aldersgrensa skal handhevast i praksis. «De må etterleve loven, og sørge for aldersverifisering». 

Det er ei billeg løysing for gigantane, ei løysing som ikkje handlar om innhald eller om plattformdesign, men berre om å setja opp ein slags mur (som vil ha hol). Og det Tung seier kan også tolkast som at det er techgigantane sjølv som skal stå for aldersverifisering. Slik håper eg verkeleg at det ikkje blir. Det kan nemleg føra til at selskap som allereie kartlegg oss, og som faktisk har oss som sitt eigentlege produkt, får ein slags marsjordre til å henta inn meir informasjon og meir personsensitiv informasjon. EU si skisserte løysing med ein eigen app er betre. 

Men eigentleg burde me føra ein langt breiare debatt, om utviding av medieansvarslova, om regulering, om krav til algoritmar og om krav til techgigantar som ville styrka personvernet, og ikkje sveikka det. 


PS! Start dagen med Filter Nyheter! Hver morgen lager vi en oppsummering av de viktigste nyhetene som har breaket i inn- og utland i løpet av natta. Nyhetsbrevet Filter KAFFE sendes deretter ut til våre abonnenter klokka 07.00, slik at du kan få oversikt over i hvilken grad verden består, og det før du har rukket tannpussen. Klikk her for å tegne et abonnement!