Vil Tyrkia utnytte kaoset i Syria og Irak til å sluke Aleppo, Mosul og Kirkuk? Presidenten deira, Tayyip Erdoğan, har bragt opp eit gamalt kart (over), der desse byane står som ein del av Tyrkia.

Kartet stammar frå den siste perioden av det osmanske riket, då britiske, franske, og italienske styrkar okkuperte hovudstaden Konstantinopel.

Erklæringa frå det osmanske parlamentet, kjent som Misak-ı Millî (nasjonalpakta) eskalerte spenninga, og førte til slutt til at sultanen vart underlagt dei allierte styrkane. Ut av aska kom Mustafa Kemal, betre kjent under namnet Atatürk, som samla motstand mot okkupasjonen og oppsplittinga av det osmanske riket. Då dei tyrkiske styrkane vann krigen vart det slutt på både kalifatet og sultanatet, og Tyrkia vart etablert.

Arealet, derimot, var ikkje fullt så stort som nasjonalpakta til det siste osmanske parlamentet låg til grunn. Arealet er òg omstridd. Det er versjonar av kartet som ikkje inkluderer områder i dagens Syria, men berre i Irak, men det finst òg kart som inkluderer nordre deler av Syria. Det er sistnevnte Erdoğan har vist til. Forhandlinga av Lausanne-traktaten førte til den offisielle anerkjenninga av Tyrkia som stat, og det er den traktaten som plutseleg har blitt tema i Tyrkia.