Korleis kan lærarar, tilsette i landbruksdepartementet, dommarar, og journalistar bli arresterte etter eit mislykka militærkupp? Er det nokon som trur at dei hadde noko med kuppet å gjere? Dei færraste utanfor Tyrkia hadde nok høyrd om Fethullah Gülen, eller røyrsla som bruker hans namn, før kuppforsøket 15. juli. Det virker svært sannsynleg at mange Gülen-lojale var med på kuppforsøket. Det er òg sannsynleg at andre folk enn berre Gülenistar deltok, folk som hadde havna i unåde hjå Erdoğan. Det er foreløpig ikkje presentert bevis på at Gülen var involvert sjølv, men som Dani Rodik skriv, så er det tvilsamt at […]
«Sjå for deg at tusenvis av «frimurarar» prøvde å ta makta ved å bombe Stortinget og drepe sivile på Karl Johan»
