Korleis kan lærarar, tilsette i landbruksdepartementet, dommarar, og journalistar bli arresterte etter eit mislykka militærkupp? Er det nokon som trur at dei hadde noko med kuppet å gjere?
Dei færraste utanfor Tyrkia hadde nok høyrd om Fethullah Gülen, eller røyrsla som bruker hans namn, før kuppforsøket 15. juli. Det virker svært sannsynleg at mange Gülen-lojale var med på kuppforsøket. Det er òg sannsynleg at andre folk enn berre Gülenistar deltok, folk som hadde havna i unåde hjå Erdoğan. Det er foreløpig ikkje presentert bevis på at Gülen var involvert sjølv, men som Dani Rodik skriv, så er det tvilsamt at han ikkje på eit eller anna nivå, var involvert.
Mitt inntrykk er at det har vore ein underrapportering av brutaliteten som kuppmakarane viste. Det får reaksjonane i ettertid til å virke meir uproporsjonale enn det dei faktisk er. Kuppnatta var intens, og kuppmakarane sine jagarfly braut lydmuren eit titals gonger i løpet av natta. Det høyrdes ut som eksplosjonar. I Ankara vart parlamentet bomba, og fleire stader vart folk skutt på open gate:
«Ingen kompromiss, ingen nøling. Knus dei, brenn dei, ingen kompromiss.» Samtalane mellom kuppleiarane viste ein skremmande mangel på tilba...