Midt i slaget om Mosul bruker Erdoğan dette kartet – der byen er ein del av Tyrkia

Vil Tyrkia utnytte kaoset i Syria og Irak til å sluke Aleppo, Mosul og Kirkuk? Presidenten deira, Tayyip Erdoğan, har bragt opp eit gamalt kart (over), der desse byane står som ein del av Tyrkia. Kartet stammar frå den siste perioden av det osmanske riket, då britiske, franske, og italienske styrkar okkuperte hovudstaden Konstantinopel. Erklæringa frå det osmanske parlamentet, kjent som Misak-ı Millî (nasjonalpakta) eskalerte spenninga, og førte til slutt til at sultanen vart underlagt dei allierte styrkane. Ut av aska kom Mustafa Kemal, betre kjent under namnet Atatürk, som samla motstand mot okkupasjonen og oppsplittinga av det osmanske riket. Då dei tyrkiske styrkane vann krigen vart det slutt på både kalifatet og sultanatet, og Tyrkia vart etablert. Arealet, derimot, var ikkje fullt så stort som nasjonalpakta til det siste osmanske parlamentet låg til grunn. Arealet er òg omstridd. Det er versjonar av kartet som ikkje inkluderer områder i dagens Syria, men berre i Irak, men det finst òg kart som inkluderer nordre deler av Syria. Det er sistnevnte Erdoğan har vist til. Forhandlinga av Lausanne-traktaten førte til den offisielle anerkjenninga av Tyrkia som stat, og det er den traktaten som plutseleg har blitt tema i Tyrkia. [caption id="attachment_517" align="alignnone" width="600"]Erdogan1 President Tayyip Erdoğan.[/caption] Etter det mislukka kuppet 15. juli har den nasjonalistiske tonen til Erdoğan og regjeringa styrka seg. Frå å vere eit parti som stod i fullstendig motstrid med nasjonalistar, har desse no blitt ei viktig veljargruppe for AK-partiet. Forhandlingane i Lausanne gir nasjonalistiske politikarar eit haldepunkt for historiefortellinga...

Fortsette å lese (gratis)

Vi vet det er kjedelig å registrere seg, og vi skulle ønske vi slapp å be deg om å logge deg på! Men som en liten avis med kvalitetsjournalistikk er vi helt avhengig av direkte kontakt med lesere. Vit dette: Vi kommer aldri til å selge kontaktinformasjonen din til andre, og vil bare bruke den til å sende deg nyhetsbrev og informasjon om vår journalistikk, og muligens rette en haug med annonser mot deg i sosiale medier. (Les vår personvernerklæring)

Harald S. Klungtveit
Redaktør

Ved å bruke 1-trinns registrering eller at du oppretter en konto ovenfor, samtykker du til Filter Medias personvernerklæring.