Tyrkia glir stadig lenger unna USA og NATO. I krigen mot IS leverer USA tunge våpen til ein milits som Tyrkia ser på som ein direkte trussel. Trump-møtet til Erdoğan tydar derimot på at forholdet ikkje er øydelagt.

Erdoğan fekk det han forventa frå møtet, sjølv om ikkje alt gjekk som han kanskje hadde håpa. Det viktigaste var nok å bli mottatt med eit smil, ein månad etter folkeavstemminga om grunnlova. Mottakelsen var ei legitimering av resultatet, og den nye statsforfatninga i Tyrkia. Han fekk ikkje til noko merkbart når det gjaldt verken utlevering av Fethullah Gülen, eller væpninga av YPG-militsen. Reaksjonane mot væpninga har vore svært sterk i tyrkiske medier, men Erdoğan ønskjer tydelegvis å halde litt tilbake i kritikken mot vesten.

  • Flere tekster av Morten Myksvoll, som analyserer Tyrkia og Midtøsten for Filter Nyheter, finner du her

16. april vant Erdoğan folkeavstemminga om dei foreslåtte grunnlovsendringane, noko han har kjempa for i mange år. Valet vart jamnare enn antatt, til tross for det som tydar på omfattande juks. I ettertid har Erdoğan vore meir imøtekomande med europeiske og amerikanske styresmakter, enn det han var før valdagen. Det skal ikkje mykje til, for all del, for tonen har fram til no blitt skarpare og skarpare.

Ein skal likevel vere forsiktig med å undervurdere sinnet som både Erdoğan, regjeringa, og mange tyrkarar no har i amerikansk retning, som berre har blitt verre etter Trump-administrasjonen si beslutning om å væpne den kurdiske YPG-militsen i Syria.

Når ein ser på Tyrkia sin reaksjon til væpninga av YPG, er det viktig å hugse på at ulike land har svært ulike strategiske mål i Syria. Der USA nær einsidig er ute etter å knuse terrororganisasjonen IS, har Tyrkia fleire formål med sin Syria-politikk. Frå starten har dei vore opptatt av å erstatte Assad-regimet, men òg begrense dei syriske kurdarane si territorielle kontroll. Sistnevnte er mest aktuell her. Ja, det er rett at YPG er ei formidabel kraft i kampen mot IS, men Tyrkia tar seg ikkje råd til å berre vurdere denne eine dimensjonen.

Det har dei god grunn til. La det vere klinkande klart: Tyrkiske myndigheiter ønskjer at IS skal forsvinne frå Syria og Irak. Dei ønskjer berre ikkje å etterlate eit maktvakuum som andre fiendar av den tyrkiske staten kan fylle. Det er her motstanden mot YPG-væpninga kjem inn. Sett frå Ankara, så er YPG den syriske armen av PKK. USA, EU og Tyrkia er heilt einige om at denne grupperinga er ei terrorrøyrsle, og PKK utgjer ein reell trussel mot Tyrkia sin territorielle integritet.

(Situasjonen i Nord-Syria per 22. mai. Tyrkisk-støtta grupperingar er avskåren frå å avansere mot Raqqa, og har vore med på å tvinge fram eit amerikansk samarbeid med YPG-militsen. Kjelde: Liveuamap.com)

Når USA har ein ganske snever Syria-politikk, der IS er den dominante dimensjonen, forsvinn forståelsen for dei tyrkiske kvalene.  Trump-administrasjonen står ikkje åleine om denne vurderinga. Slik var det òg under Obama. Ja, det finst unntak. Som då Trump bestemte seg for å besvare kjemisk krigføring frå Assad-regimet med å bombe ein flyplass med 59 kryssarmissilar. Dette er likevel svært begrensa.

Tyrkia sin store frykt er ikkje at desse våpna vert brukt for å bekjempe IS. Nei, frykta er at dei blir brukt mot Tyrkia, etter at Raqqa er tatt.

Det er ikkje heilt klart kva våpen YPG får, men det er meldt om at det skal vere snakk om tunge våpen. Kva vil USA sin respons vere, viss luftvernrakettar vert brukt til å skyte ned eit tyrkisk militærhelikopter? Eller om ein av dei anti-tank-missilane YPG no får tar ut ei stridsvogn inne i Tyrkia?

Tidlegare i krigen har det vore fare for at utalandske våpenleveransar har hamna i hendene på terroristar, på grunn av erobringar. IS har i fleire år køyrd rundt med amerikanskproduserte køyretøy, etter å ha inntatt irakiske militærbasar. Dei har òg fått tak i våpen levert frå både Tyrkia og Saudi-Arabia, gjennom dei landa si væpning av andre opprøyrarar, som anten har desertert eller tapt kampar mot IS. No opplever Tyrkia at USA, deira nære allierte, gir tunge våpen til ei gruppe som Ankara skuldar for å ville bryte opp Tyrkia. Forskjellen er monumental.

Tyrkia er eitt av dei landa som har blitt hardast råka av IS sin terrorverksemd, utanfor Irak og Syria. IS-trusselen er reell, men det er YPG/PKK-trusselen som dominerer no, i nær sagt heile det politiske spekteret.

USA ser på samarbeidet med YPG, og den litt breiare Syrian Democratic Forces (SDF), som eit kortsiktig, og reint taktisk samarbeid.  Dei ser på SDF-samarbeidet som ein transaksjon. Resultatet av dette skal vere at IS vert bekjempa i Raqqa. For å oppnå det, har amerikanske myndigheiter no forsynt militsen med tunge våpen. For å rettferdiggjere dette, har amerikanarane fleire argument. Nokre av dei er ganske gode, andre er vikarierande.

Det er heilt rett at det ikkje finst ein annan militærstyrke kapabel til å ta Raqqa. Dei tyrkisk-støtta opprørarane vart nemleg kutta av frå Raqqa, i eit forsøk på å nå IS-hovudstaden først. Tyrkia lanserte i fjor haust Euphrates Shield, som skulle skape ei buffersone til den tyrkiske grensa, som lenge hadde blitt bombadert med granatar. Samtidig hadde grenseområdet fungert som ei frisone for IS-krigarar. Å lukke denne lomma var med på å lamme tilførselen av framandkrigarar til IS.

Framrykkinga stoppa opp etter få månader, og dei tyrkiske styrkane sleit med å ta Al-Bab. I mellomtida styrka SDF seg, og Assad-regimet rykka nordover. Ankara anklaga dei kurdiske styrkane for å stå i ledtok med Assad-regimet, for å hindre den tyrkiske framrykkinga. Om det er sant eller ikkje er fortsatt uklart. Det viktigaste her er at USA ikkje hadde så mykje val. Dei valgte å samarbeide med ei styrke som eksisterte, framfor å vente på ei som ikkje gjorde det. Det å ikkje velje å støtte SDF er òg eit val, og det ville nok ha utsatt Raqqa-offensiven på ubestemt tid.

Der amerikanske uttalelsar glimrar med opne hòl, er når dei skal skildre forholdet mellom YPG og PKK. Ifølge forsvarsminister Mattis, er ikkje PKK og YPG to sider av same sak. Han slår fast at USA aldri ville gitt våpen til PKK. I ein Foreign Policy-kronikk skriv Aldar Khalil frå paraplyorganisasjonen TEV-DEM, om forholdet mellom YPG og PKK. Påstanden er at dei ikkje har noko med PKK å gjere, men teksten viser likevel fram sterke ideologiske band:

«Ocalan’s school of thought, on the other hand, extends to the PYD, Turkey’s pro-Kurdish Peoples’ Democratic Party (HDP), and the PKK, as well as other groups in Iraq and Iran. Ocalan’s school of thought, on the other hand, extends to the PYD, Turkey’s pro-Kurdish Peoples’ Democratic Party (HDP), and the PKK, as well as other groups in Iraq and Iran.»

Etter Erdoğan sitt møte med Trump, uttalte ein SDF-kjelde at Trump si legitimering av Tyrkia sin krig mot PKK var farleg. YPG rekrutterer utanlandske krigarar, og to kjelder som Middle East Eye har snakka med, fortel om at kampen deira ikkje er begrensa til det nord-syriske området Rojava. Dei ser på ein krig med Tyrkia som uunngåeleg, men at det må komme i rett rekkefølge. YPG er sterkt påverka av Abdullah Öcalan, som grunnla PKK, og militsane har ein lang tradisjon med å krysse grensa mellom Syria og Tyrkia. Dette er moment som amerikanarane glatt overser, og implikasjonane kan bli enorme. På den eine sida fordømmer USA og NATO PKK-åtak i Tyrkia, og på den andre sida gir dei no eit direkte bidrag til å styrke PKK militært.

Frykta for YPG (og dermed PKK) er ikkje begrensa til å gjelde Erdoğan, regjeringa, eller berre AK-partiet. Frykta for PKK eksisterer i dei fleste politiske leirane. Den største opposisjonsavisa, Sözcü, oppfordra regjeringa til å nekte USA tilgang til Incirlik-basen i sør-austlege Tyrkia. Incirlik er essensiell for at anti-IS-koalisjonen kan utføre luftåtak mot IS og al-Qaeda i Syria og Irak. Sözcü er den same avisa som denne veka vart mål for ein politiaksjon, der sjefsredaktøren vart arrestert, mistenkt for å vere knytt til den no ulovlege Gülen-røyrsla. No framstår avisa som ein hauk, samanlikna med Erdoğan etter Trump-møtet. Det er, generelt sett, ei feilaktig analyse å sjå på konflikta med PKK som berre mellom regjeringa, hæren, og PKK. Ofte er dei sterkaste kritikarane av PKK utanfor regjeringa, og regjeringa har mottatt særs mykje kritikk for å ha vore for imøtegåande med PKK.

(Den opposisjonelle avisa Sözcü krev at Tyrkia stenger Incirlik-basen, som vert brukt av anti-IS-koalisjonen, i protest mot den amerikanske væpninga av YPG.)

Incirlik er ein flybase som har vore kontroversiell i fleire år no. Basen vert brukt – på begge sider – som eit forhandlingskort. Som avisa Sözcü, er det mange tyrkarar som ønskjer å stenge basen for NATO-bruk. Tyske parlamentarikarar ønskjer å flytte troppane sine frå basen i Adana, fordi dei ikkje får besøkje styrkane sine der. Viss ein stenger basen, mister både tyrkarar og andre denne trusselen, og det er vanskeleg å gå tilbake til eit funksjonabelt forhold, viss eitt av Tyrkia sine store bidrag i krigen mot IS vert terminert.

Då det mislukka militærkuppet råka Tyrkia i 2016, var fleire fly frå basen med på kuppforsøket. Det at NATO har utstasjonært titals atomvåpen på den amerikanske delen av basen, har òg bidratt til å skape frykt i vesten. Ved fleire høve har tyrkisk politi sperra tilgangen til basen, på grunn av politioperasjonar mot påståtte kuppmakarar og -støttespelarar. Frykta for atomtryggleiken er nok kraftig overvurdert, men om forholdet mellom Tyrkia og vesten skulle synke så lavt at basen ikkje kan brukast, vil det vere eit hardt slag for anti-IS-koalisjonen.

Incirlik er den næraste basen til nord-vest-Syria, og ein må til kurdisk-kontrollerte nord-Irak, eller til Jordan for å finne gode alternativ.

Væpninga av YPG er eit resultat av ein mislukka tyrkisk påvirkningskampanje, for å få USA til å heller støtte Tyrkia sin Euphrates Shield-operasjon. Den er no avslutta, men det går stadig rykter om nye inkursjonar. Tyrkia har, over lang tid, brukt pengar på å påverke sentrale medlemmer av Trump-administrasjonen. Den avgåtte nasjonale tryggleiksrådgjevaren Michael Flynn har hatt tyrkiske myndigheiter som oppdragsgjevar. Målet skal ha vore å begrense den amerikanske støtta til kurdiske militsar i Syria, og heller utsetje Raqqa-operasjonen, i påvente av at tyrkiske og irakisk-kurdiske styrkar kunne utgjere bakkestyrken. Denne konflikta synleggjer, nok ein gong, at det er store konflikter mellom styresmaktene i det kurdiske sjølvstyreområdet i Irak (KRG), som er meir Tyrkia-venleg, enn YPG, som er den dominerande militære krafta i dei kurdisk-kontrollerte områda av Syria.

Væpninga av YPG aukar faren for at det blir ein langvarig militærkonflikt på tvers av dei tyrkiske, irakiske, og syriske grensene. Denne konflikta kan bli meir langvarig enn kampen mot IS, som sakte men sikkert er i ferd med å lukkast. Altså, lukkast på det territorielle planet. Terrorgruppa IS vil nok vere ei formidabel kraft, og ein stor trussel, sjølv etter at dei taper territoria sine.

 

// Morten Myksvoll analyserer Tyrkia og Midtøsten for Filter Nyheter som frittstående skribent. Han er i det daglige leder for interesseorganisasjonen Forum Nye Bergensbanen, men pleier en utstrakt interesse for utenrikspolitikk generelt og tyrkiske forhold spesielt. Myksvoll er medlem av Høyre, etter å ha vært Frp-politiker i Bergen fram til 2015, da han meldte seg ut av partiet i protest.