KOMMENTAR: Det grufulle angrepet mot Orlando-nattklubben Pulse etterlater oss med svært mange spørsmål. Men i alt for stor grad går me vidare før dei vert besvart.

49 menneske vart drepne, og fleire enn 50 menneske vart skada i det som er den mest omfattande masseskytinga i nyare amerikansk historie. Homobarar som Pulse skulle vere fristadar for LGBT-befolkninga, men sjølv der står dei i fare for hatefulle menneske.

Dette skjer etter ein vår der myndigheitene i fleire statar har hamra laus på rettigheitene til transpersonar, som ein ny front i kampen mot dei som lever andre liv enn det dei trangsynte, konservative politikarane aksepterer. Det er mykje som kan seiast om dette, om kor mykje verre det kan bli for muslimske homofile no, og om konsekvensane dette angrepet får for den allereie hatefulle tonen som dominerer i presidentkampanjen til Donald Trump. Det skal eg la ligge. Koplinga til IS, og korleis me lar viktige debattar fare forbi, fortjener djupare utgreiing.

 

Var det IS?

Dei som står klar til å kapitalisere på terrorangrep fekk det dei ville ha, nemlig ein terrorist med muslimsk-klingande namn. Så kom IS-koplinga. Det var ikkje berre Donald Trump som var sjølvtilfreds når det var klart. Men kan me vere så sikker på at IS står bak? Kvifor insisterar me på å bruke terrororganisasjonen som ein kredibel kjelde?

«Breaking News» er vanskeleg, og det er ekstremt mykje informasjon som svirrar rundt. I sirkel. Og det var akkurat det som skjedde i dei intense timane etter skytinga i Orlando. Då det kom fram at terroristen hadde sverga truskap til IS i ein 911-samtale. Kort tid etter tok IS på seg ansvaret for handlingane. Konklusjonen var då klar, tenkte mange, men var den det?

Det er umogleg å utelukke at IS var involvert, eller at terroristen var ein jihadist, men det er vanskeleg å slå fast at han var det òg. For nyhendene gjekk i sirkel. IS-meldinga om at dei tok ansvar for denne grufulle handlinga var basert på medierapportar om at terroristen hadde sverga truskap til IS. Men kva sa han eigentleg til politiet?

Det er faktisk forskjell på om han sa at han slutta seg til IS, eller om han brukte etablerte IS-begrep. Når den samtalen blir offentleggjort har dei aller fleste gått vidare, og konklusjonen er allereie gitt.

IS sin taktikk når det kjem til desse handlingane er å spreie så mykje av deira grufulle propaganda som mogleg, for så å ta æra for dei som utfører angrep i deira namn. Det treng ikkje ha vore ein samtale, ei melding, eller eit treningsopphald involvert. Ingen anna kopling er nødvendig enn den munnlege, via media. Namnet til terroristen finst ikkje på nokon av dei lekka IS-listene. IS sin «dagsrapport» frå søndag sa ingenting om eit åtak i Orlando, men kort tid etter rykka dei altså ut og tok ansvar – basert på medierapportar.

Det er ikkje uvanleg at terroristar svergar truskap kort tid før eit angrep. Men det er ikkje alltid det er truverdig. I San Bernadino, der 14 menneske vart myrda, og i Garland, der to personar vart drepne, kom IS-erklæringa ut rett før angrepet. I Garland har det blitt uttrykt sterk tvil til IS-koplinga, medan i San Bernadino virkar den meir reell.

Det finst grunnar ein kan tenke seg, der ein massedrapsmann koplar inn IS utan at det nødvendig står jihadistisk ideologi bak. Me veit at Omar Mateen, terroristen, kan ha vore psykisk sjuk, og me veit at han hadde vore valdeleg mot eks-kona. Men me veit ikkje så mykje meir. Han kan ha sverga truskap til IS for å oppnå ein slags heltestatus, som er noko anna enn det han ville fått som ein psykotisk homofob massedrapsmann. Han kunne då kople handlinga si til ei større samanheng.

Kanskje han forstod denne samanhengen, kanskje ikkje. For alle medieformål betyr det ingenting. Ein muslim skaut homofile og sverga truskap til IS. Me treng ikkje grave djupare enn det, vil mange meine. Då undervurderer ein nok ein gong psykiatri i massedrapssituasjonar.

USA «slepp unna» ein offentleg samtale om psykiatri på grunn av denne IS-tilkoplinga. Det er alvorleg, spesielt viss det skulle vise seg at IS-tilknytninga berre var overflatisk, eller eit skalkeskjul.

 

Dei gamle debattane om igjen

Lite er meir forutsigbart enn det som skjer etter eit slikt terrorangrep. Spesielt i USA.

Det første er den evinnelege debatten om våpenlovene. At USA har eit problem med våpenkriminalitet er openbert. 30.000 menneske døyr kvart år på grunn av denne rettigheita – som eigentleg er grovt misforstått. Det var neppe nokon i den første kongressen i Philadelphia som meinte at folk hadde rett til å eige alle slags våpen til all slags bruk. Det andre grunnlovstillegget spesifiserer formålet med våpenlova – nemleg for å oppretthalde ein «well-regulated militia» for å beskytte ein fri stat.

Den amerikanske uavhengigheitserklæringa opnar med eit forsvar for statskupp, når det er nødvendig for å beskytte grunnleggjande og naturgitte rettigheiter. Me må sjå behovet for militsar i denne konteksten, men òg at USA hadde eit heilt annleis politivesen då. Dette grunnlovstillegget kan sjåast på som ein privatisering av staten sitt valdsmonopol. Nødvendig då, absurd i dag.

Perverteringa av denne regelen har fått fatale konsekvensar. USA er fastlåst i ein ideologisk rigid debatt om all slags regulering på våpenfeltet, og sjølv forsøk på å forby folk på terrorlista å kjøpe skytevåpen har blitt skutt ned. Omar Mateen hadde blitt vurdert som ueigna til å bli politi blant anna på grunn av måten han handterte våpen på, men fekk bli væpna sikkerhetsvakt i G4S. Han fekk òg kjøpe halvautomatrifla AR-15, som gjorde han i stand til å drepe 50 personar.

Debatten om dette er riktig kjem til å overkøyre debatten om psykatri. Den gjer alltid det. Begge sider har eit problem her.

Dei som ønskjer våpenkontroll må innsjå at meir enn 300 millioner skytevåpen allereie finst ute blant folk, så å begrense eller stoppe nyvåpensalget treng ikkje nødvendigvis endre så mykje. Dei som arbeider mot våpenkontroll må svare for kvifor dei ønskjer at mistenkte terroristar skal få lov til å kjøpe våpen. Begge sider av denne debatten, grovt sett inndelt mellom det demokratiske og republikanske partiet, er dessverre meir interessert i ein polarisert våpendebatt, som alle veit ikkje fører til noko som helst, enn ein debatt om pyskisk helse.

Alle må ta ansvar

Dei som ikkje lar seg bli slukt opp i ein kortvarig, men intens skuldplasserande våpendebatt, kan fort ta del i ein annan gjentakande og like lite konstruktiv debatt. Dei seinare åra har rollen til såkalla moderate muslimar tatt av i forbindelse med terror knytta til islamisme. Debatten har stort sett to ulike former.

Den første handlar om å kreve at moderate muslimar tar avstand frå terror begått av andre muslimar. Det kravet er i utgangspunktet problematisk. Ein er ikkje ansvarleg for noko ein annan med same gudstru gjer, uansett kor mykje ein påberopar seg religiøse motiv. Me er individuelt ansvarlege for kriminelle handlingar, sjølv om idéar eller vrangforestillingar stammar frå ein breiare ideologi eller livssyn. Det er òg problematisk fordi ein ting som kjenneteiknar dei som krev slike stadfestingar ikkje følgjer med når det faktisk skjer.

Få timar etter angrepet ytra Rådet for Amerikansk-Islamske Relasjonar (CAIR) seg, og markerte avsky mot terrorhandlinga. CAIR oppfordra òg muslimar om å donere blod. Dei markerte avstand før dei eingong visste om terroristen var muslim. Dei var tidleg ute, fordi gjerningsmannen hadde eit arabisk namn. Det seier sitt at dei må rykke ut allereie då.

Men kritikarane følgjer ikkje med på dette, og kan fortsette å påstå at det muslimske samfunnet ikkje tar nok avstand. Sjølv den svært homofobe Mufti Menk frå Zimbabwe, tok avstand frå terrorhandlingane same dag. Han er blant anna kjent for å ha sagt at homofile er verre enn dyr. Det er neppe nok, for dei som krev dette får det aldri med seg, eller får aldri nok.

Kravet bunnar nok òg ut i eit ønskje om å knytte fleire muslimar til hendinga, og ansvarleggjere vanlege muslimar. Samtidig er det eit uttrykk for ei kunnskapslaus haldning til islam, og korleis trusretninga er organisert. Det finst ingen pave, ingen sentrale overhovud, eller noko som liknar. Dei har ulike nivå av skriftlærde, men ingen sentralistert autoritet. Kor mange imamar må stå fram for at folk skal vere nøgd?

 

Er dette islam?

Den andre forma denne debatten tar, er terrorismen som fenomen si tilknytning til islam. Debatten har ein tendens til å bli dominert av ytterpunkta her: Dei som meiner at dette er sentralt i islam, og at dei som ikkje følgjer med ikkje er skikkelege muslimar, mot dei som meiner at terrorisme ikkje har noko med islam å gjere. Svaret er mellom der ein stad.

Det er ikkje til å komme unna at valdeleg politisk islam er ein del av islam. Politisk islam – islamisme – har valdelege element, og greinar av grupperingar og trusretningar som både tar i bruk og hyllar valdsbruk. Jihadistar, oftast politiske salafistar, er ein del av islam. Dei er derimot ikkje representative. Det er heller ikkje slik at dei har rett.

Såkalla islamkritikarar, som likar å meine at all islam eigentleg er lik, er ofte like bokstavtru som dei mest ekstreme muslimane. Dei slit med å anerkjenne dei mange ulike greinene innanfor islam, og at salafisme – og spesielt valdeleg salafisme – er ei ytterst marginal grein.

Så lenge denne debatten pågår, så blir det vanskeleg å komme oss vidare. Folk må forstå at det er så godt som ingenting anna enn namnet på religionen som knytter vanlege muslimar til terrorhandlingar. Dei er ikkje ansvarlege for andre sine vrangforestillingar og radikale tolkningar.

Når no IS har tatt på seg skulda for angrepet, og terroristen har knytt seg sjølv til IS, så er historia etablert som sann. Det er synd at det ikkje er fleire kritiske røster til denne etablerte sanninga, for det einaste den fører til, er ei styrking av IS sitt verdsbilete, og eit betra rekrutteringsgrunnlag.

Deira mål er å bryte ned tilliten i samfunnet, setje oss opp mot vanlege muslimar, og skape sterkare fiendebilete i samfunnet. Det lukkast dei med, nesten uten å løfte ein finger. Propagandaen deira fungerer, både på folk som skyt festande unge menneske, og på alle oss andre.

Tristare blir det ikkje.

 

// Morten Myksvoll analyserer utenrikspolitikk for Filter Nyheter som frittstående skribent. Han er i det daglige leder for interesseorganisasjonen Forum Nye Bergensbanen, men pleier en utstrakt interesse for utenrikspolitikk generelt og tyrkiske forhold spesielt. Myksvoll er medlem av Høyre, etter å ha vært Frp-politiker i Bergen fram til 2015, da han meldte seg ut av partiet i protest.